Jul på kreditt

Er julegåvekontoen tom? Ver forsiktig om du planlegg å ta resten av julehandelen på kreditt.

Publisert:
Oppdatert:

Å kjøpe i dag og betale i morgon kan vere freistande, særleg når kjøleskap og nissesekk skal fyllast før jul. Nordmenn tek opp stadig meir forbrukslån, og mange av desse låna går kvart år til inkasso.

Hugs at alt skal betalast tilbake

Før du vel å ta julehandelen på kreditt, bør du tenkje på korleis økonomien ser ut når fakturaen frå kredittkortselskapet kjem i januar.

– Ver bevisst på at lånet skal betalast. Dersom du ikkje kan innfri heile gjelda og rentene byrjar å leggast til lånet, blir julegåvene fort mykje dyrare enn du såg for deg, seier direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth.

Julehandelen på kreditt? Her er våre råd:

Hugs at om du berre betalar  minstebeløpet, vil renta byrje å løpe på resten av gjelda.