Krev svar frå annonsørar om reklamemerking

Når annonsørar nyttar kjende profilar til å marknadsføre produkta sine i sosiale medium, må dei sørge for at marknadsføringslova blir følgd. Forbrukartilsynet ber no Nelly.com og Eger Skin Clinic om å gjere greie for rutinane sine.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet har gjennomført eit nytt tilsyn med merking av reklame i sosiale medium blant 20 av Noregs fremste profilar. Føremålet var å sjå om profilane identifiserer reklameinnlegg klart og tydeleg. Tilsynet er ei oppfølging av eit tilsyn som blei gjennomført i november der vi avdekka ei rekkje lovbrot frå dei same profilane.

Resultata frå tilsynet er positive:

  • Medan vi før jul avdekka brot på marknadsføringslova i 7 av 10 innlegg som innehaldt reklame, fant vi denne gongen berre 2 av 10 innlegg der det var tvil om innlegga var merka godt nok som reklame.
  • Forbrukartilsynet fant ingen klare lovbrot som gir grunnlag for å gi sanksjonar.

– Tilsynet viser at profilane har tatt krava våre på alvor. Det er framleis rom for forbetringar, men vi har fått på plass eit tydelegare skilje mellom reklame og anna innhald, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Følgjer med

Forbrukartilsynet vil fortsatt ta opp saker viss vi får klagar eller tips om klare brot mot forbodet om skjult reklame.

– Sosiale medium-profilar har stor påverkingskraft på barn og unge. Difor er god og tydeleg merking av reklame ekstra viktig, seier Haugseth.

Ønsker etiske retningslinjer

– Eg er oppteken av at barn og unge ikkje skal bli utsett for eit kroppspress gjennom sosiale medium, seier forbrukarminister Linda Hofstad Helleland.

– Og eg er glad for at Forbrukartilsynet sitt arbeid på dette området har bore frukter ved at det er færre lovbrot enn tidlegare blant profilar i sosiale medium. Samtidig vil eg understreke at bloggarane og andre profilar, har eit ansvar utover å følgje marknadsføringslova. Dei har stor innverknad, særleg på unge sitt sjølvbilete og det må dei vere bevisst. Eg har difor oppmoda bloggarane, deira nettverk og annonsørar om å gå saman om å lage meir forpliktande etiske retningslinjer. Ein slags «vær varsam»-plakat for sosiale medium, seier Helleland.

Stiller krav til annonsørane

Forbrukartilsynet har sendt brev til to annonsørar i etterkant av tilsynet. Nelly.com er ein annonsør som i stor grad nyttar kjende profilar til å marknadsføre kleda sine i sosiale medium. Det er annonsøren som er hovudansvarleg for at marknadsføring er tydeleg merka. Forbrukartilsynet ber difor selskapet om å gjere greie for kva rutinar dei har for å sikre at profilane dei nyttar merkar reklame klart og tydeleg.

– Nelly.com nyttar unge og ofte uerfarne profilar til å marknadsføre produkta sine. Vi forventar at Nelly har gode rutinar, og sørger for at reklame for kleda deira ikkje blir pakka inn som personlege anbefalingar, men er tydeleg merka som reklame, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Reklame for restylane

Forbrukartilsynet tek også opp sak med Eger Skin Clinic som marknadsførar fillers via profilar i sosiale medium. Vi meiner reklame for fillers eller liknande produkt i kanalar der mindreårige kan bli eksponert for reklamen kan vere ulovleg.

– Marknadsføring av restylane og tilsvarande kosmetiske inngrep overfor barn og unge bidreg til eit sterkare press når det gjeld utsjåande og kropp. Dette kan ha negative konsekvensar for helsa til barn og unge, og kan også vere ulovleg. Vi ber no Eger Skin Clinic om å komme med forslag til korleis dei vil sikre at dei tek omsyn til mindreårige i framtidig reklame, seier Haugseth.

Flere artikler

Dårleg merking av eigenreklame

Mange influensarar merkar ikkje reklame for eigne produkt og tenester, viser ein stor europeisk kontroll Forbrukartilsynet har vore med på.