Les vilkåra før du trener

Planlegg du å byrje å trene på eit treningssenter i det nye året? Skaff deg oversikt over avtalevilkåra først. Det er dyrt å vere støttemedlem.

Publisert:
Oppdatert:

Januar er ein ny start for mange, og vi er no inne i ein månad kor det er populært å bli medlem på eit treningssenter. Mange treningsavtalar har bindingstid. I desse tilfella er det særleg viktig å setje seg inn i avtalevilkåra før du skriv under kontrakten.

Før du inngår medlemsavtalen, bør du i det minste undersøke og ta stilling til følgjande:

Finn du vilkår du ikkje synes er rimelege, kan du jo òg fortelje dette til leiinga ved treningssenteret. Om mange nok etterspør til dømes attraktive alternativ til bindingskontraktar eller betre høve for å «fryse» avtalen sin ved behov, vil senteret kanskje endre praksisen i tråd med kundane sine ønske.

God trening!

Forbrukarombodet vurderer standardavtalar på generelt grunnlag. Treng du hjelp i ein konkret tvist, kan du kontakte Forbrukarrådet.