Lokkar med rabattar – droppar kredittkostnadane

I ein reklame for sitt MasterCard lokkar Circle K kundane med 50 øre i rabatt per liter bensin dei fyller i 50 dagar. Men reklamen gir ingen opplysningar om kva kredittlånet kostar. Eit kroneksempel på ulovleg marknadsføring, meiner Forbrukartilsynet.

Publisert:
Oppdatert:

I all reklame for forbrukslån og kreditt skal ein alltid gi eit tydeleg priseksempel på kva lånet kostar. Og viss ein lokkar med rabattar eller fordelar, skal ikkje lovnadane få større merksemd enn prisen på lånet.

Ingen prisopplysningar

Men i reklamen for Circle K MasterCard, som er observert på store plakatar utanfor ein bensinstasjon, gis det berre løfter om rabattar. Prisopplysningane er utelatt. Ulovleg, konkluderer Forbrukartilsynet.

– Dette er eit godt eksempel på korleis ein kredittreklame ikkje skal sjå ut, seier Jo Gjedrem, avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet.

– Å handle på kreditt kan bli dyrt viss du utsett betalinga. Difor er det viktig at kundane ikkje blir blenda av løfter om rabattar dei kan oppnå. Ein liten rabatt kan fort bli ei stor utgift.

Mange lovbrot

I fjor stramma regjeringa inn reglane for kredittreklame. Dette førte mellom anna til at moglegheita for å framheve tilleggsfordelar som bonusar, rabattar og vervepremiar blei avgrensa. Forbrukartilsynet ser jamleg at bankar og kredittytarar ikkje følgjer dei nye reglane.

– Ei rekkje aktørar som marknadsfører forbrukslån og kreditt let fortsatt løfter om rabattar og bonusar overskygge prisen på lånet. Vi tek jamleg opp saker, og vil fortsette med dette. Viss aktørane ikkje innrettar seg kan det bli aktuelt med sanksjonar, seier Gjedrem.

Fleire artiklar

Klarna må betale tvangsmulkt om de ikke endrer sin betalingsløsning

Forbrukertilsynet mener Klarna Bank AB bryter loven ved å tilby betalingsløsningen «Kjøp nå, betal senere». Derfor har vi fattet vedtak om at Klarna må følge loven, og betale tvangsmulkt hvis de ikke legger om hele betalingsløsningen.