Om Marknadsrådet

Publisert:
Oppdatert:

Marknadsrådet blei etablert i 1974, og er finansiert over statsbudsjettet. Marknadsrådet er fagleg uavhengig, men er administrativt underordna Barne- og familiedepartementet. 

Marknadsrådet består av seks medlemmar som er utnemnde av Kongen i statsråd for fire år. Medlemmane er juristar med høg kompetanse, og leiar og nestleiar skal fylle krava til dommarar i domstolslova. 

Vedtak vil normalt fattast av eit utval på tre medlemmar. Saksbehandlinga er som hovudregel skriftleg, men Marknadsrådet kan avgjere munnleg behandling. Munnleg behandling vil ha likskapstrekk med munnleg behandling i domstolane. Her finn du forskrifta om Forbrukartilsynets og Marknadsrådets saksbehandling

Marknadsrådet behandlar òg klagar på Helsedirektoratets vedtak etter alkohollova § 9–4 og tobakksskadelova § 36. 

Marknadsrådet sine vedtak blir publisert på Lovdata Pro, på heimesidene til Klagenemndsekretariatet og du finn lenke til vedtaka på Forbrukartilsynets heimesider

Saker næringsdrivande imellom kan behandlast av dei ordinære domstolane eller eventuelt av Næringslivets konkurranseutval

Marknadsrådet sine medlemmar

Leiar:

Professor Monica Viken

Nestleiar:

Advokat Jens-Henrik Lien

Andre medlemmar:

Professor Finn Arnesen

Førsteamanuensis Lisa Mattea Elvevold

Jurist Selma Ilyas

Lagdommar Tormod Anders Sletten