Standardkontraktar

Publisert:
Oppdatert:
Forbrukartilsynet har utarbeidd nokre standardkontraktar som regulerer kjøp av varer og tenester.

Dei inneheld ei oppsummering av kva rettar forbrukaren og den næringsdrivande har etter gjeldande lovgiving og praksis. Nokre av standardkontraktane har blitt til etter dialog og forhandlingar mellom Forbrukartilsynet og representantar for bransjen dei omhandlar. 

Når næringsdrivande og forbrukar tek i bruk Forbrukartilsynets standardkontraktar, kan dei med sikkerheit vite at vilkåra i avtalen som blir inngått, er rimelege og balanserte.