Marknadsføringslova regulerer Forbrukartilsynet si verksemd og stiller krav til næringsdrivande sin marknadsføring, handelspraksis og avtalevilkår i forbrukarforhold.
Vi fører òg tilsyn med at næringsdrivande overheld forbrukarvernreglar i angrerettlova, finansavtalelova og ei rekke andre lovar.
Konfliktløysingsarbeidet vårt er regulert av forbrukarklagelova og forbrukarklageforskrifta.
Les meir om dei ulike lovane her:
Lovar og forskrifter om tilsynet sitt arbeid
Her finn du lovar og reglar som regulerer tilsynet si rolle, ansvar, arbeidsoppgåver og verkemiddel
Marknadsføringslova
Forskrift om Forbrukertilsynets og Markedsrådets saksbehandling mv.
Forbrukarklageforskrifta
Openheitslova
Lovar og forskrifter vi fører tilsyn med
I tillegg til marknadsføringslova, fører vi tilsyn med at næringsdrivande overheld forbrukervernreglane i ei rekke andre lovar og forskrifter:
Lovar:
Ehandelslova (Fører tilsyn med §§ 8 – 12, og er, saman med Innovasjon Noreg sitt eksportsenter, utpekt som nasjonale kontaktpunkt etter lovas § 13, jf. forskriftas § 3)
Svartebørslova (Lov om forbud mot prispåslag ved videresalg av billetter til kultur- og idrettsarrangementer)
Tidspartlova (timeshare-lova)
Tenestelova (tilsyn med forbodet mot geoblokkering i § 19)
Forskrifter:
Forskrift om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester (Tilsynet gjeld reklame retta mot barn)
Forskrift om marknadsføring av alternativ behandling av sjukdom
Forskrifter om krav til merking av tekstilar: Forskrift om vedlikeholdsmerking av tekstilprodukter mv. og forskrift om forordning om tekstilfibrar
Lovar og reglar som blir handheva av andre
Det finst òg ei rekke andre lovar og reglar som regulerer bestemde former for marknadsføring og avtalevilkår. Desse reglane blir handheva av andre myndigheiter:
Ekomlova – Har blant anna bestemmingar om fellesfakturerte tenester og bindingstid i ekomkontraktar. Handhevast av Nkom.
Finansavtalelova og finansforetakslova m.v. – Regulerer bankars og andre finansføretak si framferd overfor forbrukarar. Handhevast av Finanstilsynet.
Energilova – Stiller krav til opplysningar som må innhentast ved skifte av kraftleverandør og til betalingsvilkår. Handhevast av NVE.
Personopplysningslova – Inneheld omfattande krav til næringsdrivande si innhenting og bruk av personopplysningar. Handhevast av Datatilsynet.
Mat- og helselovgiving – Forbyr blant anna å nytte påstandar i marknadsføring av helsekost og slankemiddel som ikkje er godkjent av EU. Handhevast av Mattilsynet.
Kosmetisk kirurgi og venleikspleie – Marknadsføring av kosmetisk kirurgi som blir utført av helsepersonell er regulert i helsepersonellova. Helsetilsynet fører tilsyn med dette. Annan venleikspleie, som ikkje blir utført av helsepersonell, er regulert i kosmetikklova. Mattilsynet fører tilsyn med denne.
Alkohol- og tobakk: Forboda mot marknadsføring av alkohol og tobakk blir handheva av Helsedirektoratet.
Kringkastingslova – Inneheld reglar om produktplassering og kor mykje reklame som kan sendast i tilknyting til TV-program. Handhevast av Medietilsynet.
Lotterilova – Regulerer pengespel. Handhevast av Lotteritilsynet.
Pristiltakslova – Forbyr blant anna urimelege prisar og forretningsvilkår. Handhevast av Konkurransetilsynet.
Lover og reglar som er viktige for tvisteløsningsarbeidet vårt
Kjøpslova
Angrerettlova
Forbrukarkjøpslova
Handverkertjenestelova
Forbrukarklagelova
Bustadoppføringslova
Avtalelova