Må rydde opp i ulovleg marknadsføring av alternativ behandling

Forbrukartilsynet har bedt fem aktørar rydde opp i ulovleg marknadsføring av alternativ behandling.

Publisert:

Dei aktuelle aktørane blei klaga inn av Noregs Astma- og Allergiforbund i vår, etter at forbundet oppdaga fleire innlegg på sosiale medium med påstandar om at behandlingane skulle verke mot pollenallergi.

Etter ein nærare gjennomgang fann tilsynet fleire klare lovbrot på Instagram, Facebook og nettsider. Alle dei fem aktørane hadde påstandar om at behandlinga verka mot pollenallergi, for eksempel som «førebyggjande behandling» eller som ein «vaksine».

Tilsynet fann òg marknadsføring som gav inntrykk av at behandlinga er betre eigna mot pollenallergi enn behandlinga som blir tilbode i den ordinære helsetenesta. Slik marknadsføring er eigna til å undergrave eller svekkje tilliten til den ordinære helsetenesta, og er heller ikkje lov.

Regelverket for marknadsføring av alternativ behandling er strengt.

Det er forbode å marknadsføre at behandlinga har effekt mot konkrete sjukdommar eller lidingar.

Marknadsføringa må heller ikkje undergrave eller svekkje tilliten til den ordinære helsetenesta.

Portrett av  Forbrukertilsynets direktør, Trond Rønningen.
Trond Rønningen, direktør i Forbrukertilsynet. Foto: Dag Jenssen/Forbrukertilsynet.

– Forbrukarar som oppsøkjer alternativ behandling skal ikkje bli villeia til å tru at behandlinga verkar mot konkrete sjukdommar og lidingar. Vi krev no at aktørane endrar eller fjernar den lovstridige marknadsføringa og bekreftar at dei vil følgje regelverket framover,

seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

Aktørane har fått frist til 24. juni til å gjennomgå marknadsføringa og gjere nødvendige endringar.

Les meir om alternativ behandling

Oppdaterer retningslinjer for markedsføring av alternativ behandling

Forbrukertilsynets retningslinjer for markedsføring av alternativ behandling er oppdatert etter Markedsrådets vedtak i saken mot Laserklinikken Anne Harila.