Det er lovleg med telefonmarknadsføring såframt forbrukarar ikkje har reservert seg i Reservasjonsregisteret. Dette er det per i dag over 2,2 millionar som har gjort, men mange av desse blir likevel ringt opp.
– Forsikringsbransjen er ein av bransjane som ser ut til å ha størst problem med å følgje regla for telefonsal. Difor ser vi oss nøgd til å ta opp dette med selskapa, seier Frode Elton Haug, juridisk direktør i Forbrukartilsynet.
Unntak skapar problem
Dei fleste av klagene har samanheng med unntaksreglane i lova. Desse opnar for at forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal, likevel kan bli ringt opp.
Klagene omhandlar mellom anna oppringingar på bakgrunn av at forbrukarar har medlemskap i organisasjonar som samarbeider med forsikringsselskap, og at tidlegare kundar vert ringt opp. Tilsynet forventar no at forsikringsbransjen tek tak i desse problema, og følgjer regelverket.
Forbrukartilsynets brev til forsikringsselskapa kan lesast her: Orienteringsbrev til forsikringsbransjen om telefonsalg.
Rettleiing om regelverket for telefonsal er publisert her.