Ønsker verksemda di å lære korleis de kan gjennomføre gode aktsemdvurderingar? Og vil de høyre erfaringar frå verksemder som jobbar aktivt med krav i lova? Bli med på workshoppane våre i Oslo og Bergen.
Workshop i Oslo for verksemder som treng grunnleggande innføring
På workshopen vil du lære meir om samanhengen mellom åpenhetsloven og OECD-retningslinjene for ansvarleg næringsliv, og særleg om aktsemdvurderingar.
Workshopen er praktisk retta og fokuserer på korleis verksemder kan utføre gode aktsemdvurderingar. Det blir innlegg frå arrangørane, og frå verksemder som deler erfaringar frå arbeidet med åpenhetsloven. Det blir òg lagt opp til diskusjonar rundt implementering, utfordringar og dilemma knytta til lova. Det blir forventa at deltakarane deltek aktivt i diskusjonane.
Tid og stad:
Sentralen, Øvre Slottsgate 3, 0157 Oslo
14. mai 2025 (08:30 – 13:00)
Påmeldingsfrist 6. mai.
Sjå programmet her
Deltaking er gratis. Gå til påmeldingsskjema
Vi gjer merksam på at programmet kan bli endra.
Workshop i Bergen for vidarekomne verksemder
Forbrukartilsynet, Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv og FUTURE-PROOF inviterer til ein fordjupande workshop for verksemder som har komme godt i gang med arbeidet med åpenhetsloven.
Workshopen går over to dagar, og vil ha særleg fokus på tiltak, interessentdialog og gjenoppretting. Gjennom diskusjonar og innlegg frå ekspertar og verksemder vil deltakarane få auka kunnskap om iverksetting og oppfølging av tiltak, korleis aktsemdvurderingar blir styrka gjennom involvering av interessentar og korleis ein sikrar meiningsfylt interessentdialog, og korleis ein kan sørge for eller samarbeide om gjenoppretting. Workshopen legg til rette for diskusjon og det blir forventa at verksemdene deltek aktivt.
Tid og stad:
Kulturhuset i Bergen, Vaskerelven 8, 5014 Bergen
6.-7. mai 2025 (09.00 – 15.00; 09.00 – 14.30)
Påmeldingsfrist 28. april
Sjå programmet her
Deltaking er gratis. Gå til påmeldingsskjema
Vi gjer merksam på at programmet kan bli endra.