Mye ulovleg kredittmarknadsføring

Forbrukartilsynet har gjennomgått marknadsføringa til aktørar som tilbyr forbrukslån og kredittkort. Aksjonen avdekka mange lovbrot, og ein rekkje aktørar må endre marknadsføringa si.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet har enda ein gong sjekka marknadsføringa til tilbydarar av forbrukslån og kreditt. Hovudformålet var å følgje opp tilsynsaksjonen frå  fjor, kor vi fann mange brot.

36 aktørar bryter loven

I årets aksjon gjekk vi gjennom marknadsføring frå 48 aktørar i ulike kanalar. Blant dei fann vi store og ikkje fullt så store brot hos 36 av dei. Vi fann fleire tilfelle av brot på kravet til prisopplysningar blant anna i annonsar heilt utan prisopplysingar. I tillegg fann vi fleire annonsar med prisopplysningar, men kor skriftstorleiken er så liten at det nesten ikkje er mogleg å lese kva som står.

– At vi finn tilfelle av prisopplysning med lita skrift, tydar på at annonsørane veit at dei må ha dei med, men ikkje ønsker merksemd på dei. Bransjen burde vere godt kjent med kva som krevjast av dei nå, og det er kritikkverdig at vi fortsatt finn så mange annonsar som ikkje overheld dette kravet, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

I tillegg til brot på kravet om prisopplysning fann vi også fleire tilfelle av lovnader om raske lån, enkel søkeprosess og annonsar kor det berre er oppgitt minste rente, og ikkje høgaste.

– Forbrukarane skal ha like god føresetnad til å få informasjon om kostnadane som kor rask søkeprosessen for å få lån er, seier Haugseth.

Strenge krav for rabattmarknadsføring

I 2017 kom det ei ny forskrift som blant anna gjorde det ulovleg å lokke med bonusar, rabattar og andre tilleggstenester viss lovnadene gis større merksemd enn kva lånet faktisk kostar. Vi tolkar loven strengt, og har tatt opp alle sakar vi har kome over, uansett alvorsgrad.

– Vi ser at det er mange som fortsatt ikkje følger reglane. For to år sidan vart reglene strengare, og dette burde aktørane vere kjent med nå, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Vi har bedt selskapa om å fjerne eller endre den ulovlege marknadsføringa. Dei har fått frist til 5. april med å svare på brevet frå Forbrukartilsynet.