Mykje manipulerande design i marknadsføring

Ein aksjon i regi av International Consumer Protection and Enforcement Network (ICPEN) undersøkte appane og nettsidene til 642 næringsdrivande. Over 75 prosent inneheldt manipulerande design.

Publisert:

Frå 29. januar til 2. februar 2024 deltok Forbrukartilsynet i ein internasjonal tilsynsaksjon i regi av ICPEN, saman med 26 andre forbrukarstyresmakter. Aksjonen var koordinert med Global Privacy Enforcement Network (GPEN).

Til saman undersøkte styresmaktene nettsidene og appane til 642 bedrifter. Nettsidene og appane blei evaluert med utgangspunkt i seks kjenneteikn på kommersielt manipulerande design, henta frå Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD). Det blei funne såkalla manipulerande design (“dark patterns”) i 75,5% av appane og nettsidene. 68% inneheldt to eller fleire tilfelle av slike metodar.

Manipulerande design er digital utforming som skal påverke  forbrukarane til å gjere val dei vanlegvis ikkje ville ha gjort. Ofte er det snakk om utforming som manipulerer forbrukarane til å kjøpe varer eller tenester eller gå med på avtalar eller vilkår dei elles ikkje ville godtatt.

I aksjonen blei det mellom anna funne mange tilfelle av brukargrensesnitt som gjer det vanskeleg for brukarane å skru av automatisk fornying av abonnementstenester, og grensesnitt som gjer at abonnement som er gunstige for den næringsdrivande framstår tydelegare.

Både ICPEN og GPEN har publisert rapportar som oppsummerer funna frå tilsynsaksjonen. Du kan lese rapportane (på engelsk) på nettsidene til ICPEN og GPEN.

Relaterte artiklar

Tannblekingsfirmaer fikk ikke medhold i Forbrukerklageutvalget

Forbrukerklageutvalget har behandlet flere saker hvor forbrukere som har takket ja til en gratis prøvepakke på tannbleking har endt opp med et uønsket abonnement. Forbrukerklageutvalget mener at flere av disse avtalene om abonnement ikke er gyldige.