Bente Øverli har lang erfaring frå Forbrukartilsynet. Frå august 2024 har ho vore konstituert direktør. Ho har tidlegare vore sentral i oppbygginga av det nye Forbrukartilsynet med hovudkontor i Porsgrunn. Øverli er tilsett på åremål for ein periode på seks år.
– Forbrukartilsynet står ovanfor store og viktige oppgåver i tida framover. Vi skal jobbe for å sikre at grunnleggande forbrukervernsreglar blir overhaldne og for at næringslivet tek krava til eit ansvarleg næringsliv gjennom openheitslova på alvor. Vi skal òg sørge for eit godt tvisteløysingstilbod der det har oppstått konflikt om kjøp av varer eller tenester. Eg ser fram til å gjere dette i nært samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer i tilsynet og i nært samarbeid med andre tilsyn og samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt, seier Bente Øverli.
Bente Øverli er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo, og blei utnemnt til ny direktør i statsrådet 28. februar.
– Eg er glad for at vi får ein erfaren, dyktig og engasjert leiar for Forbrukartilsynet. Forbrukartilsynets rolle er stadig viktigare i ei tid med mykje kommersielt press på alle arenaer, særleg mot barn og unge, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
