Det kjem store endringar i fleire sentrale forbrukarvernlover når EUs moderniseringsdirektiv blir gjennomført i Noreg.
– Det er viktig at næringsdrivande gjer seg godt kjent med endringane. Dei må sette seg inn i kva plikter dei har og kva rettar forbrukarane får, og sørge for at dette blir overheldt. Ved lovbrot vil næringsdrivande risikere strengare reaksjonar enn tidlegare, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.
Endringane oppdaterer dagens forbrukarvernreglar slik at dei passar betre i ein moderne og digital forbrukarkvardag. Dei skal òg sørge for at tilsynsorgana kan handheve og reagere på regelbrot meir effektivt.
Desse lovene blir påverka:
- Markedsføringsloven
- Angrerettloven
- Avtaleloven
- Ehandelsloven
- Digitalytelsesloven
- Finansavtaleloven
- Forbrukerkjøpsloven
- Forsikringsavtaleloven
- Tenestelova
- Yrkestransportlova
Det skal bli enklare å vere forbrukar, og næringsdrivande må sørge for å tilpasse seg dei nye reglane og gjere nødvendige endringar i praksisen sin.
Her kjem ei oversikt over nokre av dei viktigaste endringane du må kjenne til, og som vil gjelde frå 1. oktober.
Nye reglar for dørsal
For deg som driv med dørsal kjem det nå tydelegare reglar for korleis dørsal skal gå føre seg. Forbrukarar får no ein lovfesta rett til å reservere seg mot uoppfordra dørsal, til dømes ved å sette opp eit skilt eller ein klistrelapp, og dørsal blir forbode på visse tidspunkt.
Reservasjonsretten gjeld ikkje ved innsamling til frivillige organisasjonar, med mindre desse blir rekna som næringsdrivande.
Det blir òg innført ei obligatorisk betalingsutsetting på 14 dagar ved uoppfordra dørsal der summen er høgare enn 1500 kroner. Dette kjem i tillegg til forbrukaren sin angrerett. Angreretten blir utvida til å gjelde òg i tilfelle der tenesta er levert eller ved kjøp av personaliserte varer, til dømes varer med inngraverte namn.
Les meir om reglane for dørsal
Prismarknadsføring
Prisopplysningsforskriften endrast slik at det no blir klarare reglar for marknadsføring av prisnedslag på varer. Med dei nye reglane skal næringsdrivande i slike tilfelle alltid opplyse om den lågaste prisen som er brukt dei siste 30 dagane før marknadsføringa startar.
Vi kjem snart med ei eiga side som vil forklare dei nye prisreglane meir i detalj.
Brukaromtalar frå forbrukarar
For å sikre at forbrukaromtalar på nett er til å stole på, blir det innført nye reglar som skal sikre at brukaromtalar er reelle. Først og fremst blir det innført ei plikt til å informere om kva grep den næringsdrivande tek for å sikre at brukaromtalane stammar frå ekte forbrukarar som har brukt eller kjøpt varer eller tenester. I tillegg blir fleire praksisar forbode. Frå no av vil det alltid vere forbode:
- å oppgje at brukaromtalar er reelle, utan å ha innført rimelege tiltak for å forhindre falske meldingar.
- å sende inn sjølv, eller vere ansvarleg for at nokon eller noko sender inn falske brukaromtalar eller anbefalingar.
- å gi ei villeiande framstilling av omtalar og meldingar på sosiale medium i marknadsføring.
Reglane skal motivere næringsdrivande til å ta gode og effektive grep for å sikre at brukaromtalar stammar frå ekte forbrukarar, i tillegg til at klare forbod vil gjere det enklare å handheve reglane overfor dei som forsøker å jukse.
Nettbaserte marknadsplassar
Det er til tider vanskeleg for forbrukarar å vite kven ein handlar med, og kva rettar ein har ved handel på nettbaserte marknadsplassar. Derfor blir det innført fleire nye informasjonskrav slik at det skal bli tryggare å kjøpe av tredjepartar på nett. Desse krava inneber mellom anna at den som tilbyr nettbaserte marknadsplassar må opplyse om kriteria for korleis tilbod blir rangert i søkeresultata, om seljaren er næringsdrivande eller ikkje og at forbrukarvernregler ikkje nødvendigvis gjeld dersom seljaren er ein privatperson. I tillegg skal det vere tydeleg korleis tilbydaren av marknadsplassen og seljaren fordeler ansvaret mellom seg, til dømes der den eine parten står for frakt, medan den andre er ansvarleg for kvaliteten på vara og eventuelle reklamasjonar.
Endringar i angreretten for digitalt innhald
For nokre typar digitalt innhald er det ønskeleg å få tilgang med ein gong, sjølv om angreretten skulle falle bort ved å ta det i bruk. Til dømes ved kjøp/leige av ein film, eller mikrotransaksjonar i spel. Ei endring i lova gjer no at digitalt innhald kan vere unntatt frå angreretten dersom forbrukaren uttrykkeleg aksepterer at innhaldet blir levert før angrefristen eigentleg ville gått ut. Næringsdrivande må likevel hugse å bekrefte at avtalen er inngått i samsvar med lova for at angreretten ikkje skal gjelde.
Effektive sanksjonar
For at næringsdrivande skal følge lova er det viktig med sanksjonar som er effektive og avskrekkande. Forbrukartilsynet får no heimel til å pålegge lovbrotsgebyr ved fleire tilfelle enn før. Frå og med oktober kan tilsynet sanksjonere brot på forbodet mot skjult marknadsføring og urimelege avtalevilkår i markedsføringsloven og dessutan enda fleire bestemmingar i angrerettloven med lovbrotsgebyr.
Det blir det innført eit maksimumstak for storleiken på lovbrotsgebyr. Dette taket vil vere på 4 % av årleg omsetning eller 25 millionar kroner, kva enn som er høgast. Det same taket gjeld for dei som medverkar til lovbrot.
Rolla til Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet vil handheve og gi rettleiing om dei nye reglane. Framover vil vi mellom anna oppdatere temasider og rettleiingstekstar slik at både næringsdrivande og forbrukarar skal ha tilgang til oppdatert informasjon om regelverket. Vi vil òg prioritere å rettleie enkelte bransjar, som særleg blir påverka av endringane. Det er òg fleire reglar enn dei som er omtala, som vil vere relevante å sette seg inn i.