Obos med Eminem-konsert til høg rente

Fleire selskap lovar godar som konsertrabatt og oppsamla bonus for folk som tek i bruk kredittkorta deira. Kva det kostar å bruke korta kjem ikkje like godt fram.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet har no bede Obos og Kolonial.no om endre marknadsføringa.

Boligbyggelaget Obos skilta med 20 % rabatt til ein konsert med Eminem på festivalen Oslo Sommertid. Det kunne ein få om ein kjøpte billettar på førehand med Obos Kredittkort. Dette kortet gir rabattar også på ei rekkje andre kulturarrangement.

Men ventar ein 45 dagar med å betale tilbake, startar rentene å løpe. Dette er ikkje noko kjøparen får vite i annonsen for Eminem-konserten.

Kundepoeng

Matleveringstenesta Kolonial.no lovar cash points til alle som brukar kredittkort frå Bank Norwegian til å handle hos dei. Det innebær ifølgje reklamen at kunden får poeng på 3 % av alle kjøp hos Kolonial.no.

Heller ikkje her går det fram kva som kan skje om ein ventar lenge med å betale tilbake. Kunden må søke seg fram på nettet sjølv for å finne ut at han må rekne med renter på over 20 prosent etter 45 dagar.

Skal komme fram

Direktør i Forbrukartilsynet Elisabeth Lier Haugseth gjer det klart at man skal få tydeleg informasjon om kva kostnadene er når ein bruker kredittkort.

– Folk skal ikkje stirre seg blinde på tilbodet om ein billeg konsertbillett, seier ho. – Når prisen kan bli høg på lengre sikt, må folk få vite det.

Etter at reglane for marknadsføring av kreditt blei innskjerpa i fjor sommer er det ulovleg å marknadsføre slike fordelar utan minst like tydelege opplysninger om kva det kostar å bruke kredittkortet. Forbrukartilsynet har fleire gonger slått ned på denne typen marknadsføring av kredittkort. 

– Vi fortsetter å følge med til vi ser at lånegjevarane følger lova, seier Haugseth.

Flere artikler

Klarna må betale tvangsmulkt om de ikke endrer sin betalingsløsning

Forbrukertilsynet mener Klarna Bank AB bryter loven ved å tilby betalingsløsningen «Kjøp nå, betal senere». Derfor har vi fattet vedtak om at Klarna må følge loven, og betale tvangsmulkt hvis de ikke legger om hele betalingsløsningen.