I Noreg har forbrukarar i mange tilfelle angrerett når dei kjøper finansielle tenester. Finansavtalelova og forsikringsavtalelova gir forbrukarane angrerett når dei kjøper forsikring eller finansielle tenester ved fjernsal.
Finansavtaleforskrifta og forsikringsavtaleforskrifta slår fast at forbrukarane skal få eit standardisert skjema dei kan fylle ut for å nytte angreretten. Nå har Forbrukartilsynet oppdatert dette skjemaet. Viss du sel forsikring eller finansielle tenester, er det viktig at du bruker den oppdaterte versjonen av skjemaet.
Obligatoriske opplysningar
Lova stiller òg strenge krav til kva opplysningar forbrukarane skal få når dei kjøper finansielle tenester. Forbrukartilsynet har sett at det varierer kva opplysningar om angrerett forbrukarane faktisk får.
Forbrukartilsynet har derfor laga eit opplysningsskjema om angrerett ved sal av finansielle tenester. Skjemaet har med dei opplysningane som du minimum må gi for å oppfylle opplysningskrava i finansavtalelova og forsikringsavtalelova. Dei som sel finansielle tenester kan fylle ut skjemaet sjølv, og dei kan skreddarsy skjemaet til forskjellige produkttypar.
Dette skjemaet er det valfritt å bruke. Som næringsdrivande kan du altså velje om du vil bruke opplysningsskjemaet frå Forbrukartilsynet eller lage ditt eige dokument. Men hugs at sjølv om sjølve skjemaet er valfritt, er det obligatorisk å gi forbrukarane desse opplysningane!
Du finn begge skjemaa på både bokmål og nynorsk i statleg blankettarkiv.