Reglar for saksbehandlinga i Forbrukarklageutvalet
Publisert:
Oppdatert:
For saker som kom inn til mekling i Forbrukarrådet før 1.1.2021 gjeld lov om Forbrukerklageutvalget av 17. februar 2017 nr. 7 (forbrukarklagelova av 2017) med tilhøyrande forskrift (forskrift om Forbrukarklageutvalet av 17. februar 2017 nr. 200).
For saker som kom inn til mekling i Forbrukartilsynet frå og med 1.1.2021 gjeld lov om behandling av forbrukerklager i Forbrukertilsynet og Forbrukerklageutvalget av 23. juni 2020 nr. 98 (forbrukarklagelova av 2020) med tilhøyrande forskrift (forbrukarklageforskrifta av 21. desember 2020 nr. 3084).
Både ny og gammal forbrukarklagelov gir reglar for saksbehandlinga i Forbrukarklageutvalet. I tillegg blir reglane utfylt av forvaltningslova, tvistelova og domstolslova.
Følgande hovudregelverk regulerer Forbrukarklageutvalet når det gjeld prosessuelle forhold:
- Forbrukarklagelova av 2017
- Forskrift om Forbrukarklageutvalet
- Forbrukarklagelova av 2020
- Forskrift til forbrukarklagelova av 2020
- Forvaltningslova
- Tvistelova
- Domstolslova