Reklamerte for kreditt utan prisopplysningar

Det nærmar seg Black Friday, og reklamen har begynt å poppe opp i dei aller fleste kanalar. Nå har Forbrukartilsynet sendt brev til Nettavisen for manglande prisopplysning i reklame for kredittmarknadsføring.

Publisert:
Oppdatert:

Nettavisen hadde ein kommersiell artikkel med tittelen «Dette må du vite om Black Friday 2018». Artikkelen inneheld blant anna fire tips til Black Friday. I punkt nummer 2 heiter det «skaff deg et eget kredittkort til Black Friday» med lenke til Nettavisens eigen samanlikningsside for kredittkort, men det blir ikkje gitt nokre opplysningar om kostnadane knytta til kreditten. Dette er i strid med finansavtaleloven opplyser Forbrukartilsynet om i eit brev til Nettavisen.

Må komme fram i marknadsføringa

Det er ei rekke krav til kva opplysningar marknadsføring for kredittkort skal innehalde.

– Alle kostnadar kunden må betale når dei nyttar kreditten, må komme fram i marknadsføringa, slik at dei veit kor mykje dei kommer til å måtte betale for kreditten. Dette gjeld også ved innhaldsmarknadsføring, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth.

Forbrukartilsynet har laga ei rettleiing for marknadsføring av kreditt som inneheld krav til opplysningar, og Haugseth oppmodar selskapa til å nytte seg av denne.

Nettavisen har svart Forbrukartilsynet at dei skal rette opp i manglande prisopplysingar i innhaldsmarknadsføringa si. Forbrukartilsynet skal nå vurdere om endringane er tilstrekkelege.