Norsk Radonvern tilbyr blant anna produkt for måling av radon i bustaden, og har ringd forbrukarar, utan å sjekke ringelistene opp mot Brønnøysundregistrene fyrst. Det har ført til at 46 forbrukarar har klaga til Forbrukartilsynet i 2017 og 2018 på telefonsal tross reservasjon.
Henta numra frå andre kundar
I ei tidlegare brevveksling skriv Norsk Radonvern til Forbrukartilsynet at dei ofte får anbefalingar frå eksisterande kundar om folk dei kan kontakte, og at det er vanskeleg for dei å sjekke om desse har reservert seg mot telefonsal.
Plikta til å vaske ringelistene, sjekke om forbrukaren har reservert seg mot telefonsal, gjeld alle som driv med telefonsal, uavhengig av kor dei hentar informasjonen frå. Det er heller ikkje noko som tilseier at unntaket for når reserverte forbrukarar kan ringast er oppfylt.
– Det er i strid med lova å ringe forbrukarar som har reservert seg mot telefonsal med mindre forbrukaren har gitt samtykke til at vedkommande kan bli oppringd. Oppringingane er difor ulovlege, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.
Varsel om vedtak
Forbrukartilsynet har no sendt varsel om vedtak med lovbrotsgebyr med eit anslag på 200.000 kronar i lovbrotsgebyr. Norsk Radonvern har frist til 1. august på å komme med kommentarar til varselet.
Den 1. januar i år blei det innført strengare reglar for telefonsal, som blant anna har gjort det vanskelegare å ringe reserverte forbrukarar.