Sal skal vere sal – også på Black Friday.

Salsmarknadsføring utan reelle førprisar er ikkje berre frustrerande for forbrukarane - slik marknadsføring kan vere villeiande og dermed ulovleg.

Publisert:
Oppdatert:

November har for lengst etablert seg som den store salsmånaden, med kampanjar som Singles Day, Black Week og Cyber Monday. Låge prisar og gode tilbod gjer det mogleg for medvitne forbrukarar å gjere ein god handel denne månaden – dersom kampanjane held det dei lovar.

Sidan uttrykk som Black Friday, Black Week og Cyber Monday er kjende namn på store salsperiodar, blir dei oppfatta som ei form for salsmarknadsføring. For denne typen marknadsføring gjeld det strenge reglar. Prisane må sjølvsagt verkeleg vere sette ned, og som hovudregel skal førprisen vere oppgitt. Oppgitte førprisar skal vere reelle. Vanlegvis er det den lågaste førprisen frå perioden før salet som skal brukas, og vara må faktisk vere selt til den aktuelle prisen.

Salsmarknadsføring utan reelle førprisar gjer det ikkje berre vanskeleg for forbrukaren å gjere gode kjøp. Slik marknadsføring kan vere både villeiande og ulovleg. Næringsdrivande som ikkje følger reglane kan bli møtt med økonomiske sanksjonar.

Forbrukartilsynet fann fleire feil

Dessverre er det slett ikkje alle næringsdrivande som gir god nok informasjon om sal og tilbod. Kvart år finn Forbrukartilsynet villeiande prismarknadsføring i samband med dei nemnde salsperiodene.  

– Kampanjane rundt Black Friday gir inntrykk av at det er pengar å spare. Dessverre er ikkje det alltid riktig. Forbrukartilsynet finn stadig salsmarknadsføring som kan villeie forbrukarane. Dette viser tydeleg at næringslivet framleis har ein jobb å gjere, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

I 2020 fann Forbrukartilsynet fleire eksempel på manglande eller feilaktige førprisar. Etter salsperioden sendte tilsynet ut brev til 14 næringsdrivande og peika på at slik marknadsføring er både villeiande og i strid med markedsføringsloven. Tilsynet bad dei næringsdrivande om å rette opp i marknadsføringa.

Følger med framover

Også i 2021 vil Forbrukartilsynet følge nøye med på salsmarknadsføringa i november.  

Direktør Trond Rønningen oppfordrar alle næringsdrivande til å sette seg inn i regelverket, så dei veit kva som skal til for å halde seg innafor loven i den kommande salsperioden.

– Det skal være heilt tydeleg for forbrukarane om ei vare er på sal eller ikkje, understrekar han.

Fleire artiklar

Må betale dyrt for villedende markedsføring

Markedsrådet har behandlet klagene fra Blush, BliVakker og Coverbrands. De tre kosmetikkaktørene må betale rekordhøye gebyrer for villedende markedsføring i forbindelse med Black Friday og Cyber Monday.