Sender du bankkort med barna på Norway Cup?

Søndag vert Norway Cup sparka i gang i Oslo, og mange barn har med seg eigne bankkort til fotballturneringa. – Send med kort som er berekna for barn, og ikkje ditt eget bankkort, råder Forbrukarombodet.

Publisert:
Oppdatert:

Sender du barna på fotballcup eller sommarleir med bankkort i sommar? Då er du ikkje åleine. Det vert stadig breiare tilbod om betalingskort for barn og unge.

– Vaksenkort ikkje eigna for barn

Nokre foreldre lånar vekk sitt eige kort til barna når dei skal på tur, men dette er risikabelt. Vanlege bankkort berekna på vaksne, er lettare å misbruke for uvedkommande, mellom anna fordi dei opnar for netthandel og kjøp med signatur.

– Vi oppmodar difor foreldra til å ikkje sende med sine eigne betalingskort når ungane skal på til dømes Norway Cup. Medan barnekorta er tilpassa brukargruppa når det gjeld  vilkår, bruksområde og risiko, er ikkje vaksenkorta verken berekna på  eller eigna for barn, seier  forbrukarombod Gry Nergård.

I 2014 fekk ombodet saman med banknæringa på plass ein mønsteravtale som sikrar trygge rammer for barn under 13 år med betalingskort. Barnekorta har lågare bruks- og uttaksgrenser, og avtalen avgrensar mellom anna barnets ansvar ved tap eller misbruk av kortet. Det er difor ikkje fare for å tape store beløp sjølv om barnet mistar eller vert fråstelt kortet. Bankkort for barn under 13 år skal heller ikkje kunne nyttast ved netthandel.

Forbrukarombodet råder alle foreldre til å sjekke vilkåra for betalingskort barn får nytte.

Har sjekka bankane sine avtalar for barnekort

Sidan skuleferien er høgsesong for turar og arrangement der barn og unge kanskje reiser utan foreldre, har ombodet i sommar sjekka om norske bankar som tilbyr barnekort, faktisk nyttar seg av mønsteravtalen. Undersøkinga syner at dei fleste norske bankar no tilbyr bankkort til barn under 13 år. Dei fleste bankane nyttar seg av mønsteravtalen, og nokon bankar gir attpåtil betre vilkår enn mønsteravtalen. I eit par tilfelle fann Forbrukerombodet nokre mindre avvik frå mønsteravtalen. Dei aktuelle bankane er varsla, og ombodet reknar med at dei vil gjere endringar i vilkåra sine.– Det er bra at bransjen respekterer at desse produkta rettar seg mot ei sårbar brukargruppe. Barn og unge har ekstra stort behov for avgrensa økonomisk risiko ved bruk av bankkort, seier Nergård.

Lær bort fornuftig kortbruk

Reiser barnet ditt på tur med flunkande nytt bankkort i lomma, kan det alltid vere nyttig å ta ein prat om ansvarleg kortbruk og økonomi før avreise.

Kva telefonnummer skal barnet ringje dersom det mistar kortet?

– Det er positivt at forbrukarar i alle aldrar får høve til å betale utan kontantar. Men det er viktig at bankane tilbyr riktige kort til riktig målgruppe, og at dei nyttar dei vilkåra som er framforhandla, slik at det er trygt for foreldra å sende kort med barn, seier forbrukarombod Gry Nergård.