Fristen for å søke på offentlege universitet- og høgskular gjennom Samordna opptak er 15.april. Skal du søke privat utdanning, er det viktig at du set deg godt inn i kva skulen tilbyr, kva rettar du har og kva kontraktvilkår som gjeld før du vel utdanning.
Forbrukarombodet blir stadig kontakta av studentar som opplever ulike problem med skulen dei går på. Det kan dreia seg om alt frå manglande informasjon frå skulen om vesentlege vilkår i avtalen, til at utdanningstilbodet ikkje omfattar det studenten trudde før avtalen vart inngått. I enkelte av tilfella kunne problemet vore unngått ved at eleven skaffa seg meir informasjon om utdanninga på førehand.
Det er store skilnadar både i tilbod og prisar hjå ulike private utdanningar, og det er viktig å undersøka nøye før ein inngår ein forpliktande avtale. Forbrukarombodet gir deg her tips om kva du bør sjå etter når du vel utdanning.
Gir skulen deg den utdanninga du vil ha og har bruk for?
- Kva slags undervising tilbyr skulen?
- Er undervisingstilbodet kontrollert av eit offentleg organ? Sjekk nettsidene til NOKUT eller Utdanningsdirektoratet.
- Får du studiepoeng av denne utdanninga, og kan du byggja vidare på den ved andre skular?
- Kva moglegheiter gir denne utdanninga deg i yrkeslivet?
- Kor lenge har skulen eksistert og korleis er skulen sin økonomi? Og får skulen offentleg støtte?
Sjekk kva du forpliktar deg til i kontrakten med skulen
- Kor mykje kostar skuletilbodet og kva er inkludert i skulepengane? Kjem det nokre utgifter i tillegg til dette?
- Må du betala eit gebyr når du takkar ja til skuleplassen? Og får du eit eventuelt gebyr tilbake dersom du ikkje vil ha skuleplassen likevel?
- Kor mykje må du betala dersom du seier opp skuleplassen? Og er det dyrare å seie opp skuleplassen etter at semesteret er i gang?
- Er avtalen du inngår med skulen i tråd med Forbrukarombodet si rettleiing for skulekontraktar?
Hugs at du må overhalda tidsfristane til skulen
- Frist for å takka ja til skuleplassen.
- Frist for å seie opp skuleplassen før skulestart.
- Frist for oppmøte på skulen. Mistar ein skuleplassen dersom ein ikkje møter opp?
- Frist for betaling av skulepengar og eksamensavgift.
- Frist for å sei opp skuleplassen dersom ein ikkje ynskjer å fortsetja etter første semester.