Sport Outlet og XXL-vedtak behandla i Marknadsrådet

Forbodsvedtaket frå hausten 2017 mot Sport Outlet for ulovleg marknadsføring av sal står fast. Marknadsrådet har derimot oppheva vedtaket mot XXL.

Publisert:
Oppdatert:

Før jul behandla Marknadsrådet ei klage frå Sport Outlet på eit forbodsvedtak mot sportskjeda.

vedtaket frå Forbrukarombodet (no Forbrukartilsynet) kom det fram at Sport Outlet mellom anna har lurt forbrukarar til å tru at dei får ein større prisfordel ved å handle hos Sport Outlet enn dei i realiteten gjer.

Må ikkje lure forbrukarane

Sport Outlet klaga på vedtaket til Marknadsrådet, men Marknadsrådet tok ikkje klaga til følge.

– Når ein er på jakt etter eit godt kjøp, er det lett å bli lokka av løfter om prisavslag. Difor er det viktig at prismarknadsføring er sannferdig og at forbrukarar ikkje blir lura av villeiande prissamanlikningar, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Sport Outlet må betale 800.000 kroner om dei bryt vedtaket.

Oppheva vedtak mot XXL

Marknadsrådet har også behandla XXL Sport & Villmark si klage på forbodsvedtak mot sportskjeda. Spørsmålet i saka var om XXL nytta villeiande før-prisar i salsmarknadsføring.

Marknadsrådet har tidlegare sagt at det er den lågaste prisen ei vare er selt for i perioden rett før salet som forretninga må bruke som førpris. I saka mot XXL modifiserte Marknadsrådet dette og konkluderte med at sal til medlemmar i XXL sin kundeklubb ikkje treng å reknast med når XXL skal oppgi førprisar.

– Vi tek Marknadsrådet si avgjersle til etterretning, og vil no vurdere kva konsekvensane av dette vil bli for saker fram i tid, seier Haugseth.

Flere artikler

Må betale dyrt for villedende markedsføring

Markedsrådet har behandlet klagene fra Blush, BliVakker og Coverbrands. De tre kosmetikkaktørene må betale rekordhøye gebyrer for villedende markedsføring i forbindelse med Black Friday og Cyber Monday.