Stort omfang av ulovleg kredittreklame

Ei rekkje aktørar som marknadsfører forbrukslån og kreditt let løfter om rabattar og bonusar overskygge prisen på lånet. No får 14 selskap beskjed om å endre ulovleg reklame.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet har på ny sjekka reklame for forbrukslån og kreditt frå eit førtitals aktørar. Hovudføremålet med tilsynet var å sjå om dei nye reglane for kredittreklame blir følgt.

Innstramminga i reglane som blei innført 1. juli i fjor har mellom anna gjort det ulovleg å lokke med bonusar, rabattar og andre tilleggstenester viss lovnadane overskygger opplysningar om kva lånet faktisk kostar. Det er heller ikkje lov å framheve kor lett det er å søke om lån, kor raskt ein kan få svar på ein søknad eller kor raskt ein kan få pengane på konto.

Mange brot

Tilsynet viser at mange aktørar ikkje følger desse reglane. Heile 14 selskap får beskjed om å endre ulovleg reklame, og av desse har 10 av selskapa brote dei nye reglane.

Følgande aktørar har fått brev frå Forbrukartilsynet: Fagweb AS, Ya Bank, Ekspress Bank, Lendo, Komplett Bank, Ferratum Bank, Monobank, Leads Nordic AS, Nettbureau AS, Centum Finans, Sbanken, Folkelånet Telefinans, Mediehuset Nettavisen, OBOS-Banken.

Vi stiller også spørsmål ved marknadsføringa til BN Bank.

– Mange forbrukarar havnar i trøbbel kvart år fordi dei tek opp lån dei ikkje klarer å betale tilbake. Difor er det viktig at forbrukarane som blir utsette for reklamen ikkje blir lokka av rabattar, men forstår at desse låna er kostbare, seier Elisabeth Lier Haugseth, direktør i Forbrukartilsynet.

Mange kredittkort lokkar med små eller store rabattar på enkeltkjøp. Men med ei effektiv rente på +/-30% kan rabatten for bli omgjort til ein vesentleg kostnad dersom kunden ikkje betalar heile beløpet ved forfall.

Må følgje lova

– Kredittytarane gir ikkje ut lån og kreditt for at du skal spare pengar på dette, men for at dei skal tene pengar på deg. Og i Noreg er dette ein svært lukrativ marknad. Vi forventar at dei som marknadsfører kreditt følgjer lova, og gir forbrukarane tydelege opplysningar om kva lånet kostar, seier Haugseth.

Ombodet fant også reklamer som ikkje innehaldt prisopplysningar. Vi har også stilt spørsmål til enkelte kredittytarar om den effektive renta som er gitt i det representative eksemplet faktisk er representativ for kundemassen.

Vi har bedt selskapa om å fjerne eller endre den ulovlege marknadsføringa snarast. Selskapa har fått frist til 20.april med å svare på brevet frå Forbrukartilsynet. Dersom dei ikkje endrar, kan Forbrukartilsynet gi selskapa økonomiske sanksjonar.