Regjeringa har foreslått å forby marknadsføring av visse næringsmiddel retta mot barn. Les heile høyringsforslaget her.
I høyringsnotatet foreslår Helse- og omsorgsdepartementet å forby marknadsføring av såkalla usunn mat og drikke overfor barn, for å fremje helse og legge til rette for eit sunt kosthald blant barn. Departementet viser til at det er tydeleg samanheng mellom marknadsføring og matpreferansar, kva mat barn blir eksponert for og matinntaket deira. Forbrukartilsynet er einig med departementet at barn bør beskyttast mot marknadsføring av produkt som er helsemessig uønskt ut frå eit kosthaldsperspektiv
Departementet foreslår at alle under 18 år blir verna mot denne marknadsføringa, og forslaget vil etter synet vårt gi barn ein betre beskyttelse mot marknadsføring, og dermed bidra til å fremje helse og sunt kosthald blant barn.
Viktig at influensarar blir omfatta
Forbrukartilsynet har i høyringssvaret understreka viktigheita av at influensarar blir omfatta av reglane, og vist til enkelte fråsegner i høyringsnotatet der dette verkar uklart. Influensarar har stor påverknadskraft på barn og unge, og dei er ein svært attraktiv marknadsføringskanal for annonsørar.
Les òg: Forbrukertilsynet mener «Oskars trippel sjoko» markedsføres ulovlig mot barn
Helsedirektoratet som tilsyn med effektive sanksjonar
I høyringsfråsegna støttar vi at Helsedirektoratet skal vere tilsynsorgan. Dei er etter vurderinga vår best eigna til å gjere ernæringsmessige vurderingar, og oppgåva passar godt med direktoratet sitt ansvar for å gi kosthaldsråd til befolkninga.
Sjølv om marknadsføring av usunn mat og drikke er noko avgrensa gjennom ordninga med Matbransjens Faglige Utvalg, meiner Forbrukertilsynet at det er viktig med eit forskriftsfesta forbod, tilsyn og effektiv handheving med sanksjonar.
For at det nye forbodet skal ha ein tilstrekkeleg preventiv effekt overfor bransjen, er det derfor viktig at tilsynsmyndigheita kan gi avskrekkande sanksjonar som lovbrotsgebyr. Desse gebyra må vere høge nok til at det ikkje skal lønne seg å bryte forbodet.