20. juli er dagen du får svar på hovudopptaket, med svarfrist 24. juli. Dermed er dette dagen dei aller fleste søkarane får svar på om dei har komme inn på førstevalet sitt.
Har du søkt på privatskule utanom Samordna opptak bør du mellom anna vera oppmerksam på betalingsfristen for privatskulen.
– Vi har mange gongar sett at betalingsfristen for semesteravgifta på enkelte privatskular er sette til før svaret frå Samordna opptak har vorte publisert. Dermed blir studentane låste til den første avtalen før dei veit kva andre skular dei har komme inn på, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.
- Vi har samla fleire gode tips til deg som skal bli student her.
Sjekk desse punkta
Før du inngår skulekontrakten er det lurt å setja seg inn i kva fristar du må overhalda:
- Når må du takka ja til skuleplassen?
- Når du må møta opp til semesterstart?
- Mister du skuleplassen ved ikkje å møta opp?
- Kva er fristen for å betala skulepengar?
- Kva er fristen for å seia opp skuleplassen før skulestart?
- Kva er fristen for å seia opp skuleplassen dersom du ikkje ønsker å fortsetja etter første semester?
- Sjekk om du har angrerett på avtalen, og når du eventuelt må bruka angreretten.
Stor økonomisk avgjerd
Finn òg ut kva det vil kosta å avbryta studiet, både før semesterstart og undervegs i studiet. Det kan vera eigne reglar dersom du må avbryta på grunn av sjukdom.
– Ei utdanning kan kosta mange hundretusen kroner. Utdanninga er dermed ofte ein av dei første store økonomiske avgjerder unge forbrukarar gjer. Då er det viktig at studentar set seg inn i kontrakten, og unngår å hamna i uønskte situasjonar, seier Rønningen.
Her finn du ei rettleiing for kontraktsvilkår for privatskular.