Svart fredag utan førpris

Manglande førpris var den vanlegaste feilen Forbrukertilsynet fann under gjennomgangen av Black Friday 2019.

Publisert:
Oppdatert:

Tilsynet sender ut til saman 14 brev etter fjorårets handlefest. Black Friday er ei veke med tilbod og sal der forbrukarar konstant gis inntrykket av at det er pengar å spare. Sannheten kan være ei litt anna.

– Vi ser at mange næringsdrivande ikkje gir god nok informasjon om sal og tilbod, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

– Denne typen marknadsføring skapar eit press hos forbrukaren om å handle, men om informasjonen ikkje er presis kan mange forbrukarar ende opp med å eit kjøp som faktisk ikkje er spesielt bra i det heile, seier Haugseth.

Førpris ein gjengangar

Ein gjengangar ved marknadsføring av sal er at den næringsdrivande ikkje oppgjer førpris på produktet og ikkje skiller mellom salsvarer og varer som ikkje er nedsett.

– Utan førpris er det vanskeleg for forbrukarar å finne ut om noko faktisk vil vere eit godt kjøp eller ikkje. Det kan også fort vere villeiande – og dermed ulovleg marknadsføring, seier Haugseth.

Forbrukartilsynet har sendt brev til følgande næringsdrivande i kjølvatnet av Black Friday i fjor:

Forbrukartilsynet sendte også brev til følgande kjøpesentre på grunn av senterbutikkanes marknadsføring i senteravisane.