Forbrukartilsynet kan pålegge næringsdrivande og andre å sende oss opplysningar og dokumentasjon. For tilsynet er dette eit særs viktig verktøy for å kunne avdekke og følgje opp lovbrot. Utan nok informasjon er det vanskeleg å undersøke sakene godt nok til å slå fast om det har skjedd lovbrot eller ikkje.
Det skal ikkje lønne seg å bryte vedtak. Derfor kan Forbrukartilsynet gjere vedtak med tvangsmulkt. Tvangsmulkta skal sikre at dei som får eit forbod eller pålegg om noko, faktisk følger vedtaket.
Sidan sommaren 2022 har Forbrukartilsynet fått mange klagar på straumselskapet Tinde Energi AS. Forbrukartilsynet har derfor brukt store ressursar på å undersøke selskapet grundig.
I oktober og november 2022 påla Forbrukartilsynet Tinde Energi å gi tilsynet ei rekke opplysningar og dokumentasjon. Tinde Energi klaga på vedtaket, men det blei stadfesta av Marknadsrådet.
Selskapet har sidan gitt tilsynet nokon av opplysningane, men ikkje all dokumentasjonen dei er pålagde å gi.
Dyrt å bryte pålegg
Sidan 15. november 2022 har det sprunge ei tvangsmulkt på kr 10 000 for kvar dag Tinde Energi ikkje følger pålegget om å sende opplysningar og dokumentasjon. Sidan Forbrukartilsynet ikkje har fått alle dokumentasjonen, har vi no pålagt tvangsmulkt på til saman 740 000 kronar.
– Dette vedtaket viser at det kan bli dyrt å bryte pålegg og forbod frå Forbrukartilsynet, seier direktør i Forbrukartilsynet, Trond Rønningen.
Tvangsmulkta fortset òg å løpe i tida framover, heilt til Tinde Energi sender all dokumentasjonen dei har plikt til å gi Forbrukartilsynet. Opplysningane og dokumentasjonen vi har kravd vil framleis vere høgst relevante for den vidare oppfølginga av saka.
Tinde Energi har tre veker på seg til å klage på vedtaket.
Dette er saka:
- Sommaren og hausten 2022 fekk Forbrukartilsynet mange klagar på Tinde Energi AS.
- 27. oktober 2022 påla tilsynet Tinde Energi å oppgi ei rekke opplysningar og dokumentasjon.
- Forbrukartilsynet varsla selskapet om tvangsmulkt dersom dei ikkje følgde pålegget.
- 29. oktober 2022 klaga Tinde Energi på dette pålegget.
- 7. november 2022 vedtok Forbrukartilsynet tvangsmulkt på 10 000 kronar for kvar dag Tinde Energi ikkje følgde pålegget.
- 1. desember 2022 varsla Forbrukartilsynet Tinde Energi og dagleg leiar om mellom anna lovbrotsgebyr for brot på markedsføringsloven.
- 16. desember 2022 stadfesta Marknadsrådet pålegget om å gi opplysningar og dokumentasjon.
- 24. januar 2023 melde Forbrukartilsynet Tinde Energi AS til politiet for mogleg bedrageri og forsøk på bedrageri.
- 27. januar 2023 ila Forbrukertilsynet Tinde Energi kr 740 000 i tvangsmulkt for ikkje å ha følgt pålegget om å gi tilsynet opplysningar og dokumentasjon.