Tinde må betale over to millionar i bot

Tinde Energi må betale ei tvangsmulkt på 2,1 millionar kroner fordi dei ikkje sende dokumentasjon til Forbrukertilsynet før sju månader etter fristen.

Publisert:

I januar i år blei Tinde Energi pålagt tvangsmulkt fordi selskapet ikkje hadde sendt opplysningar og dokumentasjon som Forbrukertilsynet kravde.

Sidan november 2022 har det sprunge ei tvangsmulkt på 10 000 kroner per dag, som har halde fram med å laupe fram til all dokumentasjon blei levert i juni i år. Totalt blei bota på 2,1 millionar kroner.

Forbrukartilsynet kan pålegge næringsdrivande og andre å sende oss opplysningar og dokumentasjon. For tilsynet er dette eit særs viktig verktøy for å kunne avdekke og følgje opp lovbrot. Utan nok informasjon er det vanskeleg å undersøke sakene godt nok til å slå fast om det har skjedd lovbrot eller ikkje.

Dette er saka: