Varslar gebyr til tre store kosmetikkaktørar etter Black Friday

BliVakker, Blush og Coverbrands har fått varsel om at dei vil få gebyr for å ha brukt førprisar som ikkje var reelle i Black Friday-kampanjar. – Me ser på dette som grove brot frå aktørar som burde kjenne godt til lovverket, seier direktør Trond Rønningen i Forbrukartilsynet.

Publisert:
Oppdatert:

Forbrukartilsynet har sendt ut varsel om gebyr for brot på markedsføringsloven til tre store aktørar i sminke- og kosmetikkbransjen.

– Desse aktørane har marknadsført produkt med salsprisar som vart samanlikna med eigne førprisar. Dette er ulovleg, dersom selskapet ikkje kan leggja fram dokumentasjon på at førprisen var reell, seier Trond Rønningen, direktør i Forbrukartilsynet.

BliVakker har fått varsel om at dei må betala eit gebyr på fire millionar kroner for å ha brote lova under si Black Friday-marknadsføring, mens Blush og Coverbrands har fått varsel om to millionar kroner for same type lovbrot. I tillegg vert alle ilagt forbodsvedtak, noko som inneber at dei vil kunne få nye og høgare gebyr om dei gjer same lovbrot om att.

Sjå varsla om vedtak her: BliVakker, Blush, Coverbrands

Aktørane får fire veker på seg til å svara Forbrukartilsynet, før vedtaka eventuelt vert endeleg fatta.

Framstår som bevisst og systematisk

I samband med Black Friday i 2020 utførte Forbrukartilsynet ein kontroll, og det var funne ulike former for problematisk marknadsføring av pris. Mellom anna såg det ut til at fleire aktørar marknadsførte sal med å bruka førprisar som ikkje var reelle. Forbrukartilsynet sendte ut brev til totalt 14 aktørar, mellom anna til BliVakker, Blush og Coverbrands, med beskjed om å retta opp i dette i framtidig marknadsføring.

Fleire av aktørane uttalte seg til media i etterkant og dei gav då uttrykk for at dei ønskte å rydda opp.

Forbrukartilsynet gjennomførte ny kontroll i samband Black Friday i 2021, og igjen fann ein dei same lovbrota.

– Dei aktuelle aktørane har alle tidlegare vorte opplyst om regelverket og fått beskjed om å innretta seg. Likevel held dei fram med den same praksisen. Lovbrota framstår derfor som bevisste og systematiske, noko me ser særs alvorleg på, seier Rønningen.

Kundane vert villeia

Ved å bruka førprisar som ikkje er reelle, bryt aktørane forbodet mot villeiande reklame. I dette tilfellet har kundane vorte villeia til å tru at dei fekk eit betre avslag på produkta enn det som var tilfelle, etter Forbrukartilsynet si vurdering.

– Marknadsføring av sal har stor effekt på forbrukaren, og Forbrukartilsynet har grunn til å tru at mange forbrukarar i løpet av kampanjeperioden avgjorde å handla produkt dei kanskje elles ikkje ville ha handla, seier Rønningen.

Det er lett å sjå seg blind på dei rabattane som vert marknadsført, og Forbrukartilsynet vil derfor generelt oppmoda forbrukarane til å bruka prissamanlikningstenester som Prisjakt.no og Prisguiden.no. På den måten kan ein få eit inntrykk av om prisen som vert marknadsført faktisk er låg samanlikna med marknaden elles.

Omfattande lovbrot

Gebyret Forbrukartilsynet har varsla er satt relativt høgt, av fleire grunnar. Mellom anna skal gebyret sjåast i samanheng med kor omfattande lovbrotet er.

Forbrukartilsynet ser det som svært sannsynleg at mange forbrukarar har vorte villeia, noko som utan tvil har gitt auka inntekter for aktørane. Etter Forbrukartilsynet si vurdering har aktørane sannsynlegvis vore klar over dei bryt lova i stort omfang, noko som gjera lovbrota ekstra graverande.

– I utmålinga har me lagt til grunn prinsippet om at gebyret bør setjast så høgt at det ikkje skal løna seg økonomisk å bryta lova, seier Rønningen.