Varslar lovbrotsgebyr til Fjordkraft for ulovleg telefonsal

Straumselskapet Fjordkraft har drive telefonsal til forbrukarar som er reservert i Reservasjonsregisteret. Fjordkraft har brote lova ved å ringe opp kundar som har straum frå Fjordkraft og tilby desse mobilabonnement. Forbrukartilsynet varslar derfor lovbrotsgebyr på 500 000 kroner.

Publisert:
Oppdatert:

Etter at Fjordkraft starta sal av mobiltenester har dei ringt straumkundane sine, for å tilby mobilabonnement. Problemet med dette er at firmaet ikkje har respektert at mange av desse forbrukarane er reservert mot telefonsal.

Eksisterande kundar

Selskapet erkjente at dei ikkje hadde sjekka telefonlistene sine opp mot Reservasjonsregisteret da dei kontakta potensielle kundar med tilbod om mobiltenester. Fjordkraft var av den oppfatning at dei på grunn av det eksisterande kundeforholdet på straum kunne kontakte desse kundane. Selskapet innrømmer å ha feiltolka reglane og seier dei framover også vil sjekke eksisterande kundar mot Reservasjonsregisteret.

– Det er riktig at det finnes unntak for eksisterande kundeforhold, men det er eit vilkår at det som marknadsførast er ei tilsvarande teneste som det som kundeforholdet byggjer på, seier Haug.

– Fjordkraft kunne derfor ikkje kontakte straumkundane som var reservert mot telefonsal  for å marknadsføre mobiltenester.

Fjordkraft har frist til 21. september med å kommentere varselet om lovbrotsgebyr.