Vellykka konferanse om åpenhetsloven

Onsdag 7. desember arrangerte Forbrukartilsynet konferanse om åpenhetsloven. Nær 200 deltakarar fekk med seg interessante innleiarar og spennande panelsamtalar.

Publisert:
Oppdatert:

Norske bedrifter har eit stort behov for informasjon om åpenhetsloven. Dette behovet møter vi i Forbrukertilsynet på fleire måtar: Vi har mellom anna publisert informasjon på nettsidene våre, delteke på Arendalsuka, stilt opp på tallause intervju, debattar, podkastar og arrangement, og vi har arrangert kurs i aktsemdvurderingar. No har vi òg arrangert konferanse om lova.

Konferansen fann stad i Ibsenhuset i Skien onsdag 7. desember. Målet var å samle dei viktigaste aktørane innan menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Konferansen blei opna av Barne- og familieminister Kjersti Toppe, og blant innleiarane og paneldeltakarane var både myndigheiter, næringsliv, organisasjonar, journalistar, juristar og andre aktørar som jobbar med openheitslova representert.

Samtalepanel under Åpenhetskonferansen. Fra venstre: Anders Aasland Kittelsen, Virke, Kristine Foss, Norsk presseforbund, Johan H. Reinertsen, Framtiden i våre hender og Erlend Andreas Methi, Wiersholm.
I panelsamtalen om erfaringane med lova så langt, deltok Anders Aasland Kittelsen frå Virke, Kristine Foss frå Norsk Presseforbund, Johan H. Reinertsen frå framtiden i våre hender og Erlend Andreas Methi frå advokatfirmaet Wiersholm.
Bildet viser ein panelsamtale under Åpenhetskonferansen. Nina Schefte frå Hydro, Stig Clemetsen frå DOF Subsea og Jostein Hole Kobbeltvedt frå Raftostiftelsen diskuterte korleis ulike aktørar kan og bør samarbeide om aktsemdvurderingar.
Nina Schefte frå Hydro, Stig Clemetsen frå DOF Subsea og Jostein Hole Kobbeltvedt frå Raftostiftelsen diskuterte korleis ulike aktørar kan og bør samarbeide om aktsemdvurderingar.

Relevante artiklar

Revisors sjekkliste for åpenhetsloven

Det er varierende kunnskapsnivå om åpenhetsloven blant virksomheter og deres rådgivere. Her er noen tips til hvordan du som revisor kan hjelpe med å overholde pliktene.