Ver merksam på rettane dine ved leige av hybel

I år, som tidlegare, er det vanskeleg for studentar å få tak i studenthybel. Enkelte utleigarar kan bli freista til å utnytte situasjonen, og det er difor viktig at du som student er merksam på rettane dine.

Publisert:
Oppdatert:

Det viktigaste når ein skal leiga hybel er at ein sikrar seg ein skriftleg avtale som regulerer både leigetakar og utleigar sine rettar og plikter. Husleigelova vil alltid gjelda, men ein skikkeleg avtale er likevel nødvendig.

Viktig med ein balansert kontrakt

Pass på at også dine rettar som leigetakar er regulert i avtalen, og ikkje berre utleigar sine rettar. Sjå til at tidspunktet for overtaking er klart, at bustaden er rydda og vaska ved overtaking, at leigeprisen er avtalt og at det går klart fram kva denne inkluderer. Sjå også særleg på kva som gjeld for oppseiing – om avtalen er tidsbestemt eller ikkje.

Dersom det er skadar på leilegheita når du flyttar inn, til dømes hakk i parketten, spikerhol i veggen eller øydelagde fliser på badet, kan det vera lurt å ta bilde av desse manglane før du flyttar inn. Ved å dokumentera at manglane var der då du flytta inn slepp du bli ansvarleg for desse den dagen du flyttar ut.

Depositum eller husleigegaranti?

Dersom utleigar krev depositum så skal det opprettast ein eigen depositumskonto i leigetakar sitt namn. Du bør aldri betala depositum direkte til utleigar sin konto. Det er utleigar som pliktar å dekka eventuelle kostnadar ved oppretting av depositumskonto.

Dersom du ynskjer å inngå ein avtale om husleigegaranti i staden for depositum, er det viktig at du set deg grundig inn i kva dette inneber. Garantisummen blir ikkje betalt tilbake etter at leigeperioden er over, og dersom garantien blir utløyst på grunn av skadar på leilegheita eller anna som du er ansvarleg for vil du uansett måtte betala for dette.