Ver merksam på rettane dine ved leige av hybel

Skuleopptaket vil skape rift om utleigebustadane, og enkelte hybelutleigarane kan bli freista til å utnytte situasjonen. Forbrukarombodet, som passar på at kontraktane til dei proffe utleigarane er lovlege, oppmodar studentane til å sette seg grundig inn i avtalane før dei signerer.

Publisert:
Oppdatert:

Førsteopptaket for høgare utdanning er klart, og titusenvis av studentar får tilbod om studieplass. For mange inneber dette å flytte til ein ny by og inn i ein ny bustad.

I dei største studiebyane er det mange om beinet på bustadmarknaden. Forbrukarombodet har ved tidlegare tilsyn krevd endringar av fleire urimelege vilkår, og oppmodar difor dei komande studentane til å ha is i magen og lese nøye gjennom leigeavtalane før de signerar.

Viktig med ein balansert kontrakt

Forbrukarombodet fører tilsyn med avtalevilkåra dei profesjonelle utleigarane nyttar seg av. Under eit tilsyn i oktober i fjor fann ombodet mykje grums i kontraktane til nokre av dei største firmaa som leiger ut til studentar.

Felles for dei alle var at dei la for mykje av vedlikehaldsansvaret over på leigetakaren. Når leigeforholda er korte og utleigarane er profesjonelle er det etter Forbrukarombodets vurdering ingen grunn til at leigetakar skal påleggast meir vedlikehaldsansvar enn det som er utgangspunktet etter husleigelova.

Men du som leigetakar har også har eit ansvar for kva som skjer med leilegheita når du bor der. Pass på å ta bilde av eventuelle skader på bustaden som var der då du flytta inn. Det vere seg hakk i parketten, spikarhol i veggen eller øydelagde fliser på badet. Ved å dokumentere desse før innflytting slepp du å verte ansvarleg for desse den dagen du flyttar ut.

Andre vilkår ombodet merka seg gjennom tidlegare tilsyn, og som du som leigetakar bør vere merksam på, er at tidspunktet for overtaking står klart oppført, at leigeprisen er avtalt og at det går klart fram kva prisen inkluderer. Sjå også særleg på kva som gjeld for oppseiing – om avtalen er tidsbestemt eller ikkje.

Reagerer du på urimelige vilkår i kontrakten, kan du ta kontakt med Forbrukarombodet på tips@forbrukerombudet.no.

Depositum eller husleigegaranti?

Dersom utleigar krev depositum, skal det opprettast ein eigen depositumskonto i leigetakar sitt namn. Du bør aldri betale depositum direkte til utleigar sin konto. Det er utleigar som pliktar å dekke eventuelle kostnadar ved oppretting av depositumskonto.

Stadig fleire vel å kjøpe husleigegaranti i staden for å inngå ein depositumsavtale. Ordninga appellerer særleg til unge og andre som ikkje har moglegheit til å betale inn ein større eingongssum som depositum. Men som forbrukar må du vere klar over at husleigegaranti kan bli overraskande dyrt. Summen ein betalar for garantien, blir ikkje betalt tilbake når leigeforholdet er over, i motsetning til depositum der leigetakaren får pengane tilbake dersom alle plikter er oppfylt.

Forbrukarombodet fører tilsyn med marknadsføringa av husleigegarantiar, og har tidligare sørgja for at tilbydarane skal informere betre om kva avtalane inneber.

Gode og balanserte husleigekontraktar finn du på Forbrukerrådets heimesider.

Flere artikler

Skal du leiga ut bustad? Her er krava til annonsering

For å sikra at forbrukarane kan ta avgjerder på riktig grunnlag, presiserer Forbrukartilsynet at utleigerar og utleigemeklarar i bustadmarknaden må gi riktige og fullstendige opplysningar om leigepris og andre viktige forhold ved annonsering av utleigebustad.