Kva gjer vi?
- Vi fører tilsyn med marknadsføring overfor barn og unge i ulike kanalar.
- Vi sørgjer for at reklame ikkje direkte oppfordrar barn til å kjøpe eller til å mase på vaksne om å kjøpe produkter eller tenester.
- Vi fører tilsyn med at marknadsføring ikkje bidrar til kroppspress hos barn og ungdom.
- Vi medverkar til at forbrukarrettane til barn blir tekne omsyn til når det kjem nye sals- og marknadsføringsmetodar.
Lær om reklame på Reklameskolen!
På oppdrag frå Barne- og familiedepartementet har Forbrukartilsynet laga eit digitalt opplæringsverktøy for barne- og ungdomsskolen om reklame. Verktøyet har fått namnet Reklameskolen, og inneheld både bilde, tekst, video og interaktive oppgåver.
Målet er at barn og unge skal lære korleis reklamen påverkar oss, slik at dei kan ta gode, bevisste val i møte med reklame i kvardagen.
Verktøyet er gratis tilgjengeleg for alle på reklameskolen.no.
Viktig å vite:
Reklame som kan sjåast og høyrast av barn
Det skal takast spesielle omsyn når ein reklame kan sjåast eller høyrast av barn. Dette gjeld sjølv om reklamen er meint for vaksne.
Direkte oppfordring til kjøp
Det er eit absolutt forbod mot direkte å oppfordre barn til å kjøpe eller mase på vaksne om å kjøpe noko. Sjå punkt 5.3 i denne rettleiinga.
Reklame i barnearenaer
Næringsdrivande skal vere forsiktige med å marknadsføre seg i arenaer der barn oppheld seg, som skolar og fritidsarrangement eller i appar og sosiale medium. Marknadsføringslovas regler gjer at det lett kan vere ulovleg reklame. For eksempel bør kosmetiske klinikker være forsiktige med kva for behandlinger dei marknadsfører i i sosiale medium som er populære blant barn, f.eks. TikTok og Instagram. Sjå punkt 2.2 i denne rettleiinga.
Skolekontraktar
Skolekontraktar skal ikkje gjere det vanskeleg for studentane å byte eller slutte på skolen, for eksempel ved uoversiktlege oppseiingsfristar eller høge kostnader. Kontraktane skal gi studentane gode og oversiktlege rettar.
Visste du at
- Nesten alle barn og unge i alderen 9 – 18 år brukar YouTube (95 %), etterfulgt av Snapchat (80 %), TikTok (65 %) og Instagram (65 %)