Kva gjer vi?
- Vi tek opp saker der næringsdrivande i utlandet bryt marknadsføringslova overfor norske forbrukarar, og der næringsdrivande i Noreg bryt lova overfor utanlandske forbrukarar.
- Vi samarbeider med styresmaktene i andre land om felles standpunkt og felles tilsynsaksjonar.
- Vi deltek i faste komitear og nettverk på nordisk, europeisk og globalt nivå for å koordinere tilsynsarbeidet.
- Vi gir innspel til korleis det europeiske regelverket for vern av forbrukarar bør vere.
Internasjonale forum vi deltek i
-
EU/EØS:
Noreg samarbeider med EU/EØS-statane om handheving av det felleseuropeiske regelverket om forbrukarvern. Dette inneber at næringsdrivande må følgje dei same reglane i heile Europa.
-
ICPEN:
International Consumer Protection Enforcement Network (ICPEN) er eit internasjonalt nettverk der forbrukarorgan frå heile verda er med. I nettverket samarbeider organa for å verne forbrukarar over heile verda mot ulovleg marknadsføring.
-
Nordisk samarbeid:
Det nordiske samarbeidet består av halvårlege møte på toppleiarnivå mellom tilsynsorgana i Danmark, Finland, Færøyane, Island, Sverige og Noreg. Som eit ledd i det nordiske samarbeidet har det blitt utarbeidd fleire fellesnordiske standpunkt til marknadsføring i forskjellige kanalar. I tillegg kjem saksbehandlarar saman for å gjennomføre fellesnordiske handhevingsprosjekt.
-
OECD:
Forbrukartilsynet deltek òg i OECDs forbrukarkomité og gir innspel til OECDs anbefalingar til forbrukarvernlovgiving.
Visste du at
- Meir enn 60 nasjonar er medlem av ICPEN