Forbrukarvern innanfor EU/EØS

Publisert:

EU har vedteke ei forordning om samarbeid mellom europeiske myndigheitar som vernar forbrukarinteresser (CPC-forordninga). Ho gir alle EU- og EØS-land påbod om å samarbeide i saker der det blir drive ulovleg marknadsføring over landegrensene. Dette gir Forbrukartilsynet moglegheit til å be styresmaktene i det EU-landet der ein utanlandsk næringsdrivande er etablert, om å gripe inn mot ulovleg marknadsføring eller bruk av urimelege avtalevilkår.

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større prosjekt og felles tilsynsaksjonar med utgangspunkt i samarbeidsforordninga, mellom anna om kjøp av digitale ytingar i spel (in-app kjøp) og urimelege avtalevilkår i forbrukarkontraktar hos store internasjonale selskap som Facebook, Google og Airbnb.

Sjå meir informasjon om den europeiske forbrukarlovgivinga og samarbeidet mellom forbrukarorgana for å verne forbrukarar her.

Les meir om forbrukarvern innan EU/EØS og arbeidet norske styresmakter gjer på dette området i Barne- og familiedepartementets stortingsmelding om forbrukarpolitikk.