Kva gjer vi?
- Vi fører tilsyn med marknadsføring av reisetenester. Vi er særleg opptekne av at prisopplysningane er rette, og at alle obligatoriske gebyr er med i totalprisen.
- Vi medverkar til at avtalevilkår ikkje er urimelege. Vi jobbar særleg med vilkår som gjeld betaling, avbestilling og ansvar.
Viktig å vite:
-
Totalpris må inkludere alle obligatoriske gebyr.
Betalingsgebyr og skattar og avgifter som forbrukaren ikkje kan velje bort, skal vere inkluderte i totalprisen som blir marknadsført til forbrukar.
-
Pakkereiser
I 2018 kom det ei ny lov om pakkereiser og reisegaranti. Lova har ei streng opplysningsplikt og det er Forbrukartilsynet som fører tilsyn med at reglane blir følgde. Forbrukartilsynet har i samarbeid med bransjeorganisasjonane for reiseliv utarbeidd vilkår for pakkereiser. Desse inneheld blant anna detaljerte vilkår for avbestilling.
-
Bransjenorm for sal av pakkereiser og formidling av flybillettar
Forbrukartilsynet har utarbeidd ei bransjenorm som i hovudsak byggjer på relevante føresegner i ehandelslova, angrerettlova, pakkereiselova, pakkereiseforskrifta og marknadsføringslova. For forhold som ikkje blir direkte regulerte i dette regelverket, gir bransjenorma rettleiing om god forretningsskikk på området.
-
Marknadsføring av flybillettar der berre eit avgrensa tal er tilbydd
Forbrukartilsynet har utvikla retningslinjer for marknadsføring av flybillettar. Det blir stilt krav til at opplysningar om prisar skal vere klare og eintydige, og at prisen som blir marknadsført, må vere reell. Det må tydeleg opplysast om eventuelle avgrensingar eller vilkår i marknadsføringa.
-
Kollektivtransport
Teknologiske omleggingar i billettsystem må speglast i avtalevilkåra til reiseselskapa. Slike omleggingar skal ikkje føre til urettmessige gebyr eller auka forbrukaransvar. Reisevilkåra til transportselskapa blir godkjende av Samferdselsdepartementet, og Forbrukartilsynet gir innspel til desse før godkjenninga blir gitt.
-
Parkering
Nytt parkeringsregelverk for vilkårsparkering trådde i kraft 1. januar 2017. Regelverket vil som hovudregel gjelde for alle som tilbyr vilkårsparkering, altså parkering mot avgift, med tidsavgrensing eller andre vilkår. Klagar på vilkårsparkering kan difor rettast til Parkeringsklagenemnda, dersom du ikkje vinn frem med klaga overfor parkeringsselskapet. Les meir om Parkeringsklagenemnda. Finn meir om regelverket på heimesidene til Statens Vegvesen.
Visste du at
- Nordmenn gjennomførte 7,1 millionar reiser med overnatting i 2. kvartal 2018. Dette er 17 prosent fleire enn i same kvartal i fjor, og det er veksten i innanlandsreiser som er årsak til aukinga. Omtrent tre av fire reiser var innanlandsreiser.