Workshop om åpenhetsloven og ansvarleg næringsliv

Våre workshoper om åpenhetsloven og ansvarleg næringsliv har vore eit populært tilbod som mange verksemder har nytta seg av. I mai og juni set vi opp to nye workshoper i Kristiansand og Trondheim.

Publisert:
Oppdatert:

Lurer verksemda di på korleis de skal utføre gode aktsemdvurderingar? Eller kva plikter verksemda di har etter åpenhetsloven?  

Forbrukartilsynet og Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv ønsker velkommen til workshop om åpenhetsloven 29. mai i Kristiansand og 5. juni i Trondheim.

På workshopene vil du lære om åpenhetsloven og OECDs retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Dette vil vere særleg relevant for bedrifter som er direkte eller indirekte omfatta av lova. Workshopene er praktisk retta og vil fokusere på korleis verksemder kan utføre gode aktsemdvurderingar gjennom å diskutere utfordringar og dilemma knytt til åpenhetsloven. På begge workshopene vil òg bedrifter frå regionen dele erfaringane sine med sitt arbeid med åpenhetsloven.

Workshopene er gratis og opne for alle, men krev påmelding på grunn av servering. Gi derfor beskjed i god tid dersom du blir forhindra frå å delta.

Meld deg på her:

Workshop i Kristiansand om åpenhetsloven og ansvarleg næringsliv

Påmeldingsskjema til workshopen finn du her

Stad: Bølgen Bærekraftsenter, Dronningens gate 2A, 4610 Kristiansand

Tidspunkt: 29. mai kl. 08:30-12:30

Påmeldingsfrist: 22. mai

Last ned fullt program for workshopen i Kristiansand her

Workshop i Trondheim om åpenhetsloven og ansvarleg næringsliv

Påmeldingsskjema til workshopen finn du her

Stad: Hotel Scandic Nidelven, Havnegata 1-3, 7010 Trondheim

Tidspunkt: 05. juni 08:30 – 12:30

Påmeldingsfrist: 22. mai

Last ned fullt program for workshopen i Trondheim her